§ 1. Organisasjon

Hovda utmarkslag SA med org.nr. 988 283 118, nedanfor kalla utmarkslaget, er ei samanslutning av grunneigarar som eig utmarksareal og har rettar i utmarka. Utmarkslaget er organisert som eit samvirkeforetak. Medlemane hefter berre med sine partsinnskot for gjelda til utmarkslaget.

Forretningskommune for utmarkslaget er 1511Vanylven.

§ 2. Formål

Utmarkslaget sitt formål er å ivareta grunneigarinteressene i utmarka, både eineeigd areal og sameigd areal, gjennom organisering av fellestiltak. Utmarkslaget kan stå tilslutta overbyggingslag med tilsvarande formål på lokalt – eller regionalt nivå. Årsmøtet avgjer ei slik sak om det vert aktuelt.

§ 3. Arbeidsoppgåver

Hovedarbeidsoppgåvene for utmarkslaget er å organisere storviltjakt, småviltjakt og fiske ved å utarbeide driftsplanar for aktuelle artar. Utmarkslaget skal også arbeide for medlemane sine interesser i saker som gjeld utbygging til næring og fritid, friluftsliv og naturvern og arbeide for å utvikle utmarksprodukta som næring til landbruket og ta vare på ressursane på lang sikt. Ålmenta sine interesser i utmarka skal også takast vare på.

§ 4. Medlemskap

Alle grunneigarar frå og med gnr 1 til og med gnr 18, f.o.m gnr 100 t.o.m gnr 105, og f.o.m gnr 131 t.o.m gnr 152 som eig utmarksareal og har rettar i sameige, kan vere medlemar. Kvart medlem har 1 part. Om årsmøtet godkjenner det, kan utmarkslaget utvidast geografisk og det kan takast opp nye medlemar i tilgrensande areal.

§ 5. Innmelding

Innmelding i utmarkslaget skjer ved underteikning av innmeldingsfråsegn. Medlemskapet skal lyde på vedkomande sin eigedom og kan ikkje skiljast frå denne. Ved eigarskifte går medlemskapet automatisk over på ny eigar. Ved innmelding betalar kvart medlem eit medlemsinnskot på kr 200,-.

§ 6. Utmelding

Utmelding skal skje skriftleg med 1 års varsel til leiaren i styret. Utmelding gjev ikkje krav på tilbakebetaling av medlemsinnskot og heller ikkje krav på part i utmarkslaget sitt fond eller eigedom elles. Utmeld medlem er bunden av eventuelle langsiktige avtalar og forvaltningsplanar utmarkslaget har.

§ 7. Avstemmingsreglar

Stemmerett har ein person frå medlemen sin husstand. Ein medlem kan møte med skriftleg fullmakt og avgje stemme for ein annan medlem, men ikkje for fleire. Berre grunneigarar med gyldig medlemsskap har stemmerett, og kvar medlem har ei stemme.

§ 8. Nytting av årsoverskotet

Korleis årsoverskotet skal kunne nyttast vert vedteke av årsmøte etter framlegg frå styret. Det kan ikkje vedtakast å nytte eit høgare beløp enn det styret foreslår eller godtek, men årsmøtet kan sjølve vedta nytting innafor følgjande rammer:
1. Godskriving av foretakets eigenkapital.

§ 9. Styret

Styret er samansett av 5 personar. Leiaren vert vald særskilt i årsmøtet og for 1 år. Dei andre styremedlemane vert valde for 2 år. Etter første året går 2 av dei ut etter loddtrekning. Styret konstituerer seg sjølve. Vedtaksfør er styret med minst 3 medlemar til stades. Ved likt stemmetal avgjer leiaren saka med si dobbeltstemme. Styret står for den daglege drifta gjennom året og er ansvarlege for å få utført oppgåver pålagde av årsmøtet. Styret kan nemne opp underutval for særoppgåver og gje mandat for slike. Leiaren i styret og eit styremedlem pliktar i fellesskap utmarkslaget med sine underskrifter. Styret kan gje prokura.

§ 10. Årsmøtet

Årsmøtet skal haldast innan utgangen av mai månad. Saker medlemane ynskjer handsama i årsmøtet må vere styret i hende innan utgangen av desember. Innkallinga med sakliste skal annonserast i Lokalavisa, og årsmelding, rekneskap og framlegg frå valnemnda skal leggast ut på Utmarkslaget si internettside 10 dagar før møtet. I annonsa skal nemnast at medlemer som ynskjer dokumenta tilsendt kan vende seg til styret for å få dei. Årsmøtet skal handsame fylgjande saker:

  1. Konstituering av møtet.
    • godkjenne innkalling og sakliste
    • val av møteleiar, møtebokskrivar og to medlemar til å skrive under møteboka.
  2. Årsmelding.
  3. Rekneskap,
  4. Disponering av evt. over- eller underskot jfr. §8.
  5. Fastsetje evt. avgifter og kortprisar.
  6. Val av:
    • leiar for 1 år
    • 2 styremedlemar for 2 år
    • 2 varamedlemar for 1 år
    • 2 revisorar for 1 år
    • medlem i valnemnda for 3 år
  7. Innkomne saker.
  8. Arbeids- og forvaltningsplan og budsjett for komande år.
  9. Godtgjersle for tillitsfolk.
  10. Timeløn i dugnadsrekneskapen.

Årsmøtet kan ikkje gjere bindande vedtak i andre saker enn dei som er nemnde i innkallinga. Så langt ikkje anna er bestemt gjennom vedtektene vert alle vedtak i årsmøtet avgjorde med vanleg fleirtal.

§ 11. Valnenmd

Valnemnda er samansett av 3 personar, der 1 vert skifta ut kvart år. Den som er med for 3. året er leiar og kallar nemnda inn til møte. Valnemnda skal ha framlegg til årsmøtet om alle val som skal gjerast, og om godtgjering til tillitsvalde. Ved val av styre skal ein tilstreve ei geografisk fordeling av medlemane. Berre grunneigarar med gyldig medlemsskap er valbare.

Styret kan utarbeide instruks for valnemnda.

§ 12. Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte kan haldast når eit fleirtal i styret eller ¼ av medlemane krev det. Det kan berre fattast vedtak i saker som er nemnde i innkallinga. Ekstraordinært årsmøte skal innkallast på same måte som ordinært årsmøte.

§ 13. Økonomi

Som utrekningsgrunnlag for inntekter og utgifter til utmarkslaget sine medlemer, skal medlemen si samhandling med laget leggast til grunn.

§ 14. Skilsdom

Usemje mellom utmarkslaget og ein – eller ei gruppe medlemar – skal avgjerast med bindande verknad av ei tvistenemnd på 3 medlemar der kvar av partane nemner opp sin medlem og lensmannen i Vanylven nemner opp leiaren. Om ein av partane ikkje har peikt ut sin medlem innan ein gjeven frist, nemner lensmannen opp også denne. Denne paragrafen er ikkje til hinder for å bruke jordskifteretten til problemløysing der dette er tenleg.

§ 15. Oppløysing av utmarkslaget

Vedtak om oppløysing eller fusjon vert gjort av årsmøtet. Gyldig vedtak om oppløysing krev 2/3 fleirtal av deltakarane på møtet. Røysterett i slike tilfelle krev medlemskap og betalt partsinnskot.

Det årsmøtet som gjer vedtak om oppløysing skal velje eit avviklingsstyre. For vedtak om fusjon gjeld same stemmereglar som ved oppløysing, unnteke val av avviklingsstyre.

Vert det ikkje oppnådd tilstrekkeleg fleirtal på årsmøtet, kan nytt årsmøte innkallast med 14 dagars varsel. Gyldig vedtak krev då 2/3 fleirtal blant dei frammøtte medlemer.

Ved vedtak om oppløysing skal andelsinnskotet utbetalast. Deretter skal eventuelle gjenståande midlar, etter at gjeld er dekka, stå i eit -1- år i tilfelle eit føretak med same føremål vert skipa. Midlane vil då verta overdrege til nytt føretak. Dersom det innan eitt år frå årsmøtet som vedtok avvikling, ikkje er stifta nytt føretak, skal all eige i utmarkslaget takserast av uhilda person og seljast. Det resterande skal delast på medlemane i høve til deira samla omsetnad med utmarkslaget siste 5 åra. Det årsmøtet som vedtek avvikling kan vedta at nettoformua skal gå til eit samfunnsnyttig føremål.

§ 16. Godkjenning og vedtektsendring

Desse vedtektene er godkjende på årsmøte i Hovda utmarkslag SA 29.08.2013. Endring av vedtektene kan berre skje på ordinært årsmøte og med 2/3 fleirtal. Dersom framlegg om vedtektsendring ikkje får kvalifisert fleirtal på årsmøtet, kan vedtektsendring skje på ekstraordinært årsmøte med vanleg fleirtal.