Oppsummering jakt 2022

Her er reultatet får jaktsesongen 2021

Nok ein god jaktsesong er lagt bak oss og det endelege resultatet ble 248 felte dyr (inklusiv 29 skrapdyr)

Stor takk til alle jegera og jaktfeltleiarar for god jaktmoral og godt samarbeid mellom jaktfelta.

Dette gir oss ein fellingsprosent på 96,5% av den totale tildelte kvota på 257 dyr. Det ble felt 25% bukk, 41% kolle og 34% kalv, dette er ganske bra i samsvar med driftsplan.

Felles restkvote i desember såg ut til å ha god effekt på å fylle kvota best mogeleg.

Kjevekontroll ble utført utan funn av større avvik, noken felt mangla noken kjevar og må lage seg eit betre system for å ta vare på desse til kontroll.

Felles restkvote

Frå 1 desember kan alle felt delta å jakte på restkvota.

Då nærmar vi oss desember og felles restkvote på ordinær tildeling. Kalv er det framleis fri avskyting på så lenge jakta varer (23/12)

På ordinær tildeling skulle vi felle 56 bukkar og 98 koller, vi har felt 46 bukkar og 79 koller. Ordinær tildeling på kalv er 104, vi har så langt kunn felt 74 inklusiv skrapkalvar.

Totalt er det felt 215 dyr inklusiv 26 skrapdyr.

Restkvote på vaksne dyr er nå:

10 stk Bukk (ikkje storbukk, avlsdyr)

19 stk koller (Dersom kolla har kalv skal denne alltid fellast fyrst)

Dette betyr at frå og med midnatt kan alle jaktfelt være med på å jakte på restkvota uavhengig av det som er felt tidlegare.

Eg oppdaterer restkvote ved endring slik at dokke som er felt leiarar kan oppdater jegerar om restkvote.

Skal også legge ut informasjon på heimesida vår og på FB sida.

Det er viktig å presisere at vi ikkje ynskjer å ta ut store avlsbukkar og dette må feltleiar ta ansvar for å instruere jegerane om.

Felte dyr må rapporterast inn på sett og skutt omgåande slik at eg kan holde oversikt over restkvota.

Status jakt

Innrapporterte dyr

Totalt innrapporterte felte dyr for september, oktober og november er 215 dyr (av disse er 26 registrert som skrapdyr)

Totalt innrapporterte felte dyr for september og oktober er 171 dyr (av disse er 23 registrert som skrapdyr)

Totalt innrapporterte felte dyr for september er 100 dyr (av disse er 18 registrert som skrapdyr)

Kvotefri jakt på kalv

Dispensasjon frå hjorteviltforskrifta §18

“Miljødirektoratet dispenserer fra bestemmelsene i hjorteviltforskriften §18, og tillater at Vanylven kommune tildeler kvotefri jakt på kalv av hjort i jaktsesongen 2022/2023”

Sjå vedlegg.

Dispensasjon fra hjorteviltforskriften

Føre-jakta møte 2022

Møtet var fredag 12 august kl 20 på Fiskå Ungdomshus

Informasjon om fri kalveskyting, skrapdyrordning og ekstradyrordning for 2022

Statestikk frå 2021 sesongen, samt bestandsutvikling

Fallvilt og trafikkpåkjøyrslar

Sett & Skutt pålogging og innrapportering

Ettersøk avtale for 2022 samt oversikt over alle Jaktfeltleiarar

NB! Husk å oppdater “Sett&Skutt” appen før jakta.

Vedlagt finn dykk presentasjon fra møtet, info skriv og fellingsrapport.

Fellingsrapport 2022

Feltleiarar i Hovda 2022

Føre jakta møte og Tildeling 2022

Informasjon Jakta 2022

Tildeling 2022

Sjå vedlagt dokuement for årets tildeling

Tildeling 2022

Hjorteteljing 2022

Vårteljing i samarbeid med Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta.

Vårteljing 23 april og 7 mai

Førsteteljing (natt til 23 april):

Resultatet for første teljing vart 677 hjort i våre område, sjå vedlegg for detaljar

Andre teljing (natt til 7 mai):

Resultatet for andre teljing vart 418 hjort i våre områder, sjå vedlegg for detaljar

Dette gjev oss eit snitt på 548 for begge teljingane.

Hjortetelling 2022