Etter jakta møte
Her ligg informasjon frå møtet
Det var godt oppmøte og jaktleiar oppsummerte jaktsesongen 2021. Resultatet av jakta vart bra, takka være jegera og feltleiara som har gjort ein flott innsats.
Sett og Skutt rapportering har også gått over all forventning og blir nok ein ny standard etter prøveperioda 2021.
Vedlagt finn dykk en del informasjon som vart presentert på møtet.
Etter jakta møte Hovda UL 2021
Tildeling og felling 2021 Status 24. desember
Oppsummering jakt 2021
Her er resultatet frå jaktsesongen 2021.
Godt nyttår!
Nok ein god jaktsesong er lagt bak oss og det endelege resultatet ble 285 felte dyr (inklusiv skrapdyr og ekstradyr) Dette er ny fellingsrekord for Hovda Utmarkslag. Stor takk til alle jegera og jaktfeltleiarar for god jaktmoral og godt samarbeid mellom jaktfelta.
Dette gir oss ein fellingsprosent på 95% av den totale kvota på 300 dyr. Det ble felt 21% bukk, 39% kolle og 40% kalv, dette er heilt i samsvar med driftsplan.
Det var 5 jaktfelt som fylte kvota tidleg og søkte om ekstradyr.
Kjevekontroll ble utført utan funn av større avvik.
Status jakt
Status felte dyr
Totalt innrapporterte felte dyr for september, oktober og november er 255 dyr (av disse er 43 registrert som skrapdyr)
Totalt innrapporterte felte dyr for september og oktober er 190 dyr (av disse er 38 registrert som skrapdyr)
Totalt innrapporterte felte dyr for september er 118 dyr (av disse er 32 registrert som skrapdyr)
Oppdatert liste feltleiarar
Sjå siste oppdatert liste
Ny jaktfeltleiar på felt 12 Anders Kjell Øren
Føre-jakta møte 2021
Møtet ble avholdt fredag 20 august, ca 20 jegera og grunneigarar deltok
Følgande blei gjennomgått:
- Statestikk frå 2020 sesongen
- Endringar i ny Driftsplan
- Fallvilt og trafikkpåkjøyrslar
- Sett & Skutt pålogging og innrapportering
- Ettersøk avtale for 2021
- Skuddreaksjon påskutt vilt
Føre jakta møte og Tildeling 2021
Fwllingsrapport 2021
Alle jaktfelt må føre fellingsrapport i tillegg til innrapportering på Sett & Skutt
Jaktfeltleiar i kvart jaktfelt er ansvarleg for at fellingsrapport blir kontinuerlig oppdatert.
“Sett & Skutt” skal benyttast til innrapportering av alle felte dyr, samt obeservasjonar av dyr i jaktsemanheng. Jaktfeltleiarar er ansvarlege for at dette blir gjort. Husk å kryss av for e-post varlsing til jaktleiar og valdansvarleg.
Innrapportering via vakttelefon blir avvikla.
“Føre-jakta” møte 2021
Årets jaktmøte blir på Fiskå Ungdomshus fredag 20 august kl 20.
Oppfordrar alle jegera, grunneigarar og ellers andre intresserte om å delta på møtet.
HUSK! Deltakarliste med telefonnummer, 1 meters avstand og bruk av håndsprit.
Infomøte jaktfeltleiarar
Den 15/7 og 8/8 ble det avholdt infomøte for alle jaktfeltleiarar
Jaktfeltleiarane blei invitert til infomøtet før jaktstart.
Jaktleiar Aksel F Øren informerte om endringar i den nye driftsplan, krav til innrapportering av “Sett og Skutt” og ellers forventnigar til feltleiarar.
Sjå vedlagt presentasjon.
Tildeling 2021
Her finn dykk oversikt over tildeling for kvart jaktfelt for 2021.
Tildeling av fellingsløyver for hjort 2021
Hjorteteljing 2021
Vårteljing 17. april og 1. mai
Førsteteljing (17. april):
Resultatet for første teljing vart 637 hjort i våre område, sjå vedlegg for detaljar
Andre teljing (1. mai):
Resultatet for andre teljing vart 625 hjort i våre områder, sjå vedlegg for detaljar