Hovda Utmarkslag består av totalt 16 jaktfelt, som er identiske med slik jaktfelta i område
var før jaktvaldet Hovda Utmarkslag vart stifta. Jaktfelta er dermed som tidlegare med såkalte eigne “jaktfeltleiarar”, men alle felta er forvalta under Jaktvaldet Hovda Utmarkslag.(HUL)
Driftsplanane som HUL lagar for jaktområde er gjeldande i 4 år.
Utmarkslaget produserer statistikkar for mengda hjortevilt i området. Faktaopplysingar om
dette er 2 teljingar for året, på same tidspunkt som dei andre kommunene i Søre Sunnmøre.
I tillegg vert det òg ført rapport om slaktevekt på felte dyr, der statistikken viser vekt over
felte dyr i område.