Forvaltaransvar – bakgrunn.
For å fremje ei forsvarleg og rasjonell viltforvaltning skal viltorgana ved opplysning og tilrettelegging arbeide for organisering av utmarksareal til felles viltområde, slik Vanylven kommune byrja arbeidet med i 2004, og Hovda Utmarkslag vart stifta 23.April 2005 i tråd med dette.
Samvirkeføretak (SA) slik Hovda Utmarkslag er registrert, er ei selskapsform som har til formål å fremje interessene til medlemmene sine (eigarar). Medlemmene er utmarksgrunneigarar som fell inn under grenseområde i det geografiske området laget vart stifta under, etter anbefaling frå kommunen, og som har meldt gardsbruket inn som medlem i føretaket.
Styret består bestå av minst 5 medlemmer og 2 varamedlemmer. Styret skal ha ein leiar.
Årsmøtet vel styre.
Saker medlemane ynskjer handsama i årsmøtet må være styret i hende innan utgangen av Desember.
Årsmøtet kan ikkje gjere bindande vedtak i andre saker enn dei som er nemnde i innkallinga.
Styret er ansvarlege for organisering og dagleg drift i tråd med vedtektene i samvirkeføretaket samt gjeldande føreskrifter og lover i landet; Hovda Utmarkslag SA, org. nr. 988 283 118.